Dale vidaregåande skule
Adil Khan, Inga Haaland og Margrete Reisæter

-Ta eigarskap til eige liv

Psykisk helse

I høve verdsdagen for psykisk helse sist fredag fekk alle elevane ved Dale vgs oppleve eit inspirerande foredrag av Adil Khan, dansaren og skodespelaren som særleg er kjend frå tv-programmet «Adils hemmelige dansere». Ta eigarskap til eige liv, var bodskapen hans.

Adil Khan fortalde om korleis han har slite med å «omprogrammere» seg innvendig, slik at han kan setje pris på livet og ikkje heile tida føle at han ikkje er god nok og at han må stresse vidare og oppnå noko meir. På ein levande og ekte måte, heilt utan manus, snakka Adil i halvannan time. Han gav gode råd utifrå eigne opplevingar av problem med si mentale helse og oppmoda alle om å vere meir bevisste på å ta eigarskap til sitt eige liv – ein viktig bodskap!

 

Arrangementet var eit samarbeid mellom miljøkoordinator ved Dale vgs Solfrid Andersen, folkehelsegruppa i Fjaler ved Inga Haaland og Frivilligsentralen ved Margrete Reisæter.  Dei to sistnemnde er med på biletet saman med Adil Khan.

 

Tekst: Gro Fivelsdal. Foto: Rune Dale.