Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00
Praksiskandidat
Ein praksiskandidat er ein som har meldt seg til fag-/sveineprøve utan å vere lærling. Fagbrev som vaksen.
Personar med lang arbeidspraksis kan gjennom praksiskandidatordninga avleggje fagprøve. Praksiskandidatar er vaksne som har minst 25 % lengre praksistid i eit lærefag enn den fastsette læretida i faget. I dei fleste faga vil det seie 5 år i 100% stilling. I nokre fag er det 5 år og 7 månader(EL fag).
Før du kan gå opp til den praktiske prøva, må du dokumentere både tilstrekkeleg praksis i faget samt bestå ein eigen teorieksamen.
Praksisen må
- vere allsidig og dokumentert
- etter ei samla vurdering dekkje dei mest vesentlege delane av innhaldet i læreplanen for Vg3 / opplæring i bedrift i lærefaget
- vere godkjend av fylkeskommunen før fag- eller sveineprøva kan avleggjast
Praksiskandidat, visuell skisse
Sjå i Læreplanane om praksisen du har er i høve kompetansemåla i faget.
Realkompetansevurdering kan ikkje erstatte praksiskravet.
Du kan laste ned eit skjema for å rekne ut praksisen din.
Praksis må dokumenterast med blant anna attestar frå arbeidsgjevar.
Utdanningsdirektoratet, retningslinjer for vurdering av praksis
Krav til attestar:
- Namn, fødselsdato
- Ansatt frå/til dato
- Stillingsprosent/ tal timar
- Arbeidsstad/ avdelingar
- Skildring av arbeidsoppgåver
Teorieksamen
Som praksiskandidat er du friteken for kravet om bestått i fellesfag for å kunne framstille deg til fag- eller sveineprøve. Men du må bestå ein eigen eksamen for praksiskandidatar før du kan melde deg opp til fag- eller sveineprøve:
- I dei fleste lærefag skal denne eksamenen prøve i kva grad du har nådd kompetansemåla som er fastsette i læreplanen for opplæring i bedrift i lærefaget.
- I særskilde lærefag innanfor utdanningsprogram for elektrofag og teknikk og industriell produksjon skal denne eksamenen prøve i kva grad du har nådd kompetansemåla som er fastsette i programfaga for Vg1, Vg2 og eventuelt Vg3 i skule som lærefaget byggjer på, og som er relevante for lærefaget.
Teorieksamen kan avleggjast før praksiskravet er dokumentert.
Oppmeldingsfristane for privatisteksamen er 15 september og 1. februar.
Fagkodar finn du på Udir
Oppmeldinga skal skje på www.privatistweb.no
Teorieksamen vert arrangert av vidaregåande skular i fylket.
Dokumentasjon for vurdering av praksis skal sendast til:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Opplæringsavdelinga
Askedalen 2
6863 Leikanger
Eller på e-post post@sfj.no
Spørsmål, om praksiskandidatordninga, vurdering av praksis, kontakt:
Nils Friis Fardal, tlf. 415 30 939 e-post nils.friis.fardal@sfj.no
Reidun Liljedahl Fimreite, tlf. 415 30 973 e-post reidun.liljedahl.fimreite@sfj.no
Spørsmål, om privatisteksamen, kontakt:
Berit Svalheim, tlf. 415 30 990 e-post berit.svalheim@sfj.no
E-post Eksamenskontoret@sfj.no
Les meir om praksiskandidatordninga på Vilbli.no
Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim
bekka.skaasheim@sfj.no
415 30 956