Dale vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevtenester/Støtte og rådgjeving/Pedagogisk psykologisk teneste (PPT)

Pedagogisk psykologisk teneste (PPT)

Kontaktpersonar i PPT for Dale vgs er Kari Johanne Ligtvor og Torgrim Rødvik. Dei byttar om å vere til stades på skulen på torsdagar. 

PP-tenesta sitt mandat er regulert i opplæringslova §5-6. PP-tenesta har både system- og individretta arbeidsoppgåver.

Har du vanskar som går ut over læringa di? Du som er elev eller lærling/lærekandidat kan ta kontakt for hjelp.

PPT er ein del av Rettleiingstenesta i Vestland fylkeskommune.

Tilrettelegging av opplæringa
PPT gir òg råd til skulen/bedrift om korleis opplæringa kan leggast til rette, slik at du  får tilfredsstillande utbytte av opplæringa. PPT kan òg gi råd om kva du sjølv kan gjere.

Ved behov for spesialundervisning, skal PPT utarbeide sakkunnig vurdering der lova krev det. 

Er du elev eller lærling /lærekandidat og ønsker kontakt med PPT, fyll ut skjemaet "Tilvisning PPT"

Kontaktinformasjon og meir om rettleiingstenesta.