Dale vidaregåande skule
Open skule. Paintball på Lammetun.

Open skule. Paintball på Lammetun.

Paintball på Lammetun

Utflukt til Lammetun i ytre Fjaler stod på programmet på open skule torsdag 15. september. Paintball og frisbee-golf var særs populære aktivitetar i det strålande haustveret.

Miljøkoordinator Solfrid har teke bilete og skrive kort om det dei gjorde denne fine og varme ettermiddagen på Lammetun. 

"Vi starta turen med pølsegrilling og fellesmåltid. Deretter vart det paintball med kyndig instruksjon av Frode på Lammetun. Nokre lag heldt taktikk- og strategimøte, andre gjekk rett ut i «elden».  Dei som venta fekk prøve «frisbeegolf», ein aktivitet der ballen er erstatta med ein frisbee som skal kastast oppi korger som er plasserte i terrenget. Her vart det kåra både gull- og sølv-medaljørar. Med fire nasjonalitetar i flokken på 20, var alle under eitt,- Noreg. Elevane såg verkeleg ut til å kose seg i lag. På denne turen vart det knytt både nye og sterkare vennskapsband. Som ein sa det: Dette her var kanon!"