Dale vidaregåande skule
Klara debuterte på ski i trekket på Jølster Skisenter.

Klara debuterte på ski i trekket på Jølster Skisenter.

På ski for første gong

Tur til Jølster skisenter stod på programmet på open skule tysdag. For volontøren vår, Klara, var dette ei svært spesiell oppleving: Ho stod på ski for første gong. - Det var kjekt! seier ho.

Iren var med på turen (tekst, foto, video).

 -Endelig var det komme snø i bakken på Jølster skisenter og vermeldingane var bra. Så tysdag 7. mars var det berre å nytte høvet.

Med på turen var det 13 elevar frå Dale vidaregåande skule, og i tillegg volontør Klara og miljøkoordinator Iren. Sidan vi hadde ledig plass i bussen fekk elevar frå 9. og 10. trinn på FUS tilbod om å vere med. Derifrå var 8 elevar og 1 lærar som deltok.

 

Elevane samlast først i kantina og fekk kjøpe middag, slik at dei var gode og mette før avreise. Det var kveldsope frå 18.00 – 21.00 i bakken og elevane storkosa seg.

 

Iren filma Klara sin aller første tur i skibakken. - Det var litt vanskeleg, men kjekt og morosamt. Eg vil gjerne prøve igjen, seier ho.

20170307_210105.mp4