Oppfølgingstenesta (OT)

Den som har ansvar for oppfølgingstenesta (OT) ved Dale vgs er Rolf Kleiven. Han har spesielt ansvar for ungdomar med heimeadresse Askvoll, Fjaler og Hyllestad. Han vil i tillegg gje elevar frå andre kommunar hjelp til å kome i kontakt med "sin" OT-koordinator.

Oppfølgingstenesta er for deg mellom 16 og 20 år som: 

  • ikkje har skule- eller læreplass i vidaregåande opplæring 
  • ikkje tek imot skule- eller læreplass 
  • ikkje er i varig arbeid 
  • sluttar på skulen i løpet av skuleåret, eller avbryt lærekontrakten 

Kva kan Oppfølgingstenesta gjere for deg ?

I samarbeid med vidaregåande skular og NAV kan OT gje råd om opplæring/arbeid. OT kan mellom anna hjelpe deg med:

  • praksisplass (arbeid) 
  • delkursplass 
  • kombinasjon skule/arbeid 
  • ordinær skuleplass 
  • plass på ulike kurs 

På sidene til Sogn og Fjordane fylkeskommune finn du ei brosjyre som fortel meir om oppfølgingstenesta (PDF).

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Rolf Kleiven
OT-koordinator
rolf.kleiven@sfj.no
57 63 70 05
415 30 772