Dale vidaregåande skule
Dronebilde av Dale vgs

Opning av heile skulen etter koronastenging

Frå og med måndag 11.05.20 opnar Dale vgs opp att for alle elevar! Detaljert informasjon finn du her. Vi ser fram til å ha alle tilbake på skulen!

PLAN – Gjenopning av skulen 11.mai 2020

Eg er glad for å kunne ønskje dykk alle velkomne tilbake til skulen.

Måndag skal alle klassar ved Dale vgs starte opp att, unntatt 2STA (skrivedag i norsk heime) og VHOA som ikkje kjem på skulen før onsdag.  

MÅNDAG MORGON: Kontaktlærarane er med klassen sin dei først 20 minutta for å gjennomgå smittevernreglane (2HAA og 2ITA har fått instruks, men litt endring no når alle etter kvart er tilbake). Deretter undervisning etter ordinær timeplan.

Dei som er sjuke skal halde seg heime; men må då til legen og få testa seg. Risikogruppe: send legeattest om du ikkje kan møte.

Reinhald i klasserom kvar morgon før skulestart. Toalett/garderobar vert vaska to gonger for dagen: om morgonen før skulestart og ca. midt på dagen.

Spriting av hendene ved skifte av bygg: Antibac-flasker står ved inngangen.

Elevar og lærarar tar grundig handvask før og etter kvar skuletime, - helst med såpe, men kan også bruke sprit.

Oppmoding til alle elevar om å vere ansvarlege for at vi held 1 m avstand i alle situasjonar! Kan bruke vrimlearealet, men ikkje biljard og liknande.

Inngang: Klasse 3PÅA, 1HOA og 2STA skal nytte skuleinngangen ved auditoriet.

Oppdatert rettleiar for smittevern:

https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/ungdomsskole-vgo/smitteforebyggende-tiltak/#redusert-kontakt-mellom-personer

Romfordeling: Faste klasserom og faste plassar.

1HOA Rom 9+13
1HOB Rom 5
1STA Rom 1 + 2
1TPA Rom 20/verkstad
1TPB Rom 21/verkstad
2HAA Rom 3
2ITA Rom 22/verkstad
2STA Rom 11 + 12
3PÅA Auditoriet
3STA Rom 10
VHOA Rom 4

 

Utfordring med rom i programfag 2STA/3STA. Kjem tilbake med meir info her.

Alle elevar et lunsj i sine respektive klasserom eller i vrimleareal. Unntak: 3PÅA som ikkje får lov å ete/drikke på auditoriet, får reserverte plassar i kantina. I kantina er det no markert med sperretape på golvet, slik at ein held tilstrekkeleg avstand når ein skal handle. OBS: kontantfri kantine.

Oppmoding til alle lærarar som har timar rett før eller rett etter lunsj: Leggje pausen litt utanom langfri når det høver.

Verkstad YF:

Krav no er 1 m avstand.  Mogleg dermed å ha heile grupper i verkstad.  Lærarane lagar ein plan over disponering av verkstadene.

Praksisrom helse:

Krav til 1 m avstand.  Mogleg å ha heil gruppe i praksisavdelinga.

 

Skuleskyss: ordinære skulebussruter frå og med måndag. Men ventar på tilbakemelding frå Firda billag om dei har kontroll på avstand, minst eitt sete mellom kvar elev. Kjem tilbake med info om det blir nødvendig å halde enkelte klassar heime, fordi transporten blir for uoversiktleg.

RUSSETID: russen leverer russeknuteliste, svarteliste og russenamnliste til godkjenning i helga.

Det kan bli russedåp på skulen fredag 15.05., - kjem tilbake med info om det vert aktuelt.

Lykke til med skuletilvenninga igjen! Håper det skal bli kjekt for alle, ingen eksamen å grue seg til, litt kreative undervisningsformer for å halde på motivasjonen både for elev og lærar. Elevrådet må gjerne kome med innspel til alternativ her!

Helsing rektor Gro