OD til inntekt for ungdom i Colombia.

OD til inntekt for ungdom i Colombia.

Operasjon Dagsverk 2016

Colombia er prega av ei historie der vald er løysinga på konflikt.  Ungdom vil kjempe for fred, ikkje krig.  Dei skal snu fortida, og årets OD-prosjekt har som mål å hjelpe til med det.

Slik skal årets OD-prosjekt styrke ungdom i Colombia

  1. Ungdom skal gå på trygge skoler

Skolen skal vere ein arena for læring, ikkje militær rekruttering. Vi skal jobbe for at tidlegare barnesoldatar skal få komme tilbake til skolen og fullføre utdanninga si. Vi skal styrke ungdomsorganisasjonar som jobbar for å verne elevar mot overgrep. Gjennom å synleggjere, dokumentere og melde overgrepa vil vi hindre at det skjer fleire rettsbrot. Fordi ingen skal vere redd for å gå på skolen.

  1. Ungdom skal ha kunnskap om sine rettar

Ungdom må kjenne rettane sine for å kunne gjere krav på dei. Vi skal gi ungdom opplæring i eigne rettar og i å handtere konfliktar. Gjennom auka kunnskap, styrker vi ungdommen sin sjanse til å bidra til eit meir rettferdig samfunn. Fordi ingen skal oppleve overgrep.

  1. Ungdom skal påvirke politikk og vere med å bestemme

Ungdom skal ha rett til å engasjere seg, utan å frykte for liv og helse. Vi skal støtte ungdomsorganisasjonar som arbeider for å fremje fred og demokrati og utdanne fleire ungdomsleiarar. Ungdom er ikkje berre fremtidas leiarar, dei er viktige aktørar for endring her og no. Gjennom opplæring i politisk påverknad skal vi gi ungdom kunnskap om korleis dei kan utfordre styresmaktene i heimlandet sitt. Fordi ingen skal truast til å teie.

Betale for dagsverk

Når du jobbar på OD-dagen, skal du motta pengar frå personen du jobbar for. Du treng ingen papir for å ta i mot betaling. Det einaste som trengst, er nettsida www.betale.od.no

Her kan arbeidsgjevaren betale med vipps, kort, faktura, eller kontantar. Arbeidsgjevar fyller inn litt info om seg sjølv eller si bedrift, og namn på eleven(e) som jobba, klasse og skole. Då får skolen beskjed om kva som er registrert inn på si skoleside på www.od.no 

Det finst fleire måtar for arbeidsgjevar å betale for dagsverket: 

  1. Betale med Vipps: Gå inn på www.betale.od.no Registrer eleven sitt namn, og velg "betal med Vipps". Fyll inn ditt telefonnummer, så vert pengane trekte frå konto.

  2. Betale med faktura(kun for bedrifter): Gå inn på www.betale.od.no Skriv inn ditt organisasjonsnummer. Då fyller skjemaet seg ut automatisk. Klikk "Betal med faktura", og du får ei faktura til e-postadressa du registrerer med en gang.

  3. Betale med bankkort: Gå inn på www.betale.od.no Registrer eleven sitt namn, og vel "betal med kort". Fyll inn dine kortdetaljer, så vert pengane trekte frå konto.

  4. Betale kontant til eleven: Gå inn på www.betale.od.no Registrer eleven sitt namn, og velg "betal med kontanter". Gje pengane til eleven og hugs å kvittere for riktig beløp.