Dale vidaregåande skule
Bilde av Jon Rognlien

Foto: DKS

Omsetjarverkstad

Tenkjer vi eigentleg over kva som skjer når eit meiningsinnhald blir overført frå eit språk til eit anna? Tysdag skal elevane i 3. klasse ha verkstad med omsetjar Jon Rognlien. 

Med utgangspunkt i TV- serien «Big Bang Theory» skal elevane lage eiga omsetjing og  finne eigne løysingar. Dei får drøfte kulturskilnadar i banning på norsk og engelsk, lære om dei fyrste omsetjingane av Bibelen og Koranen, og diskutere grunnleggjande spørsmål knytte til språk.

Vi les stadig omsette tekstar, på nettsider, i aviser og i rettleiingar. Vi les tekstingar i filmar og TV-seriar og ikkje minst les vi omsette tekstar i litteraturen. Men er vi bevisste på kva som kan skje i overgangen frå eit språk til eit anna? Kulturhistoria viser oss ei rekkje døme på omsetjingsfeil som har fått stor betyding, og som understrekar at ei omsetjing aldri kan vere objektiv: dei er utførte av menneske med eigen personlegdom, med eigne tankar og verdiar.

I verkstaden tek Rognlien opp mellom anna desse spørsmåla. Innsikt i omsetjing kan vere interessant, nyttig og inspirerande i mange fag  – norsk og framandspråk, samfunnsfag, mediefag, musikk og drama.