Dale vidaregåande skule/Om oss/Om skulen
Dale vidaregåande skule.

Foto: Mari Kyrkjebø

Dale vidaregåande skule

Vilje til visdom og vennskap

Dale vidaregåande skule er den einaste vidaregåande skulen i HAFS-regionen og ligg i kommunesenteret Dale, ein stad med lange og rike skuletradisjonar.

Skulen er ein kombinert skule, i eit moderne skuleanlegg med gode lokalitetar og tidsmessig utstyr. Frå vinteren 2008 til sommaren 2010 skjedde ei utviding av skulearealet. Det medførte blant anna at elevane fekk større vrimleareal, auditorium, fleire moderne klasserom og ein ny kontorfløy. All undervisning er samla på skulesenteret, der også idrettsanlegget ligg. Skuleåret 2011/2012 er det i overkant av 150 elevar ved skulen.

Skulen vart 2013 godkjend som Miljøfyrtårn. Miljøfyrtårn er landets mest brukte sertifikat for private og offentlege verksemder som vil dokumentere miljøinnsatsen sin og ta samfunnsansvar i praksis

Dale er ein tettstad med 1200 innbyggjarar og har eit godt og trygt sosialt miljø.

Skulen kan hjelpe til med å skaffe rimelege hyblar.

Søknadsskjema får du ved ungdomsskular, vidaregåande skular, på arbeidskontoret og på inntakskontoret for dei vidaregåande skulane.

Film om skulen:

Tips ein ven Skriv ut