Dale vidaregåande skule
Elevar på nyttårsball

Foto: Iren Løseth

Nyttårsball ved Dale vgs

Fredag kveld,19. januar, arrangerte elevrådet ved Dale vgs nyttårsball.

Elevane kom inn i ei flott pynta og stemningsfull kantine og fekk kvar sin velkomstdrikk. Sidan dette arrangementet er eit samarbeidsprosjekt mellom Dale vgs og NUWC,  møtte det elevar frå NUWC også. Etter at elevane hadde «mingla» litt , fekk dei servert veldig god pizza i 2. etasje. Her hadde elevrådet laga fint til med langbord.

Det vart ønskt formelt velkommen til alle elevane ved programleiar Heiki Hauge. Malene Valvik og Sara Zadig bidrog frå Dale vgs med strålande musikkinnslag. Deretter tok «DJ» plass ved miksebodet, og dansen var i full gang i kantina. Det var fullt dansegolv resten av kvelden, og stemninga var høg. Heilt spontant hadde, Heiki, Jørgen, Finn-Kristian og Ådne-André, karaoke på scena, og det vart til slutt allsang frå publikum. I 2. etasje kunne elevane sette seg ned saman og vere sosiale . Biljard-, tennis- og shufflebordet var i bruk heile kvelden. Og SAFUGE cafè frå NUWC hadde flott tilbod til elevane.

Det gjekk bussar med elevar frå NUWC frå og til Haugland om kvelden. Og det var sett opp bussar og taxi for Dale vgs elevane, slik at alle skulle komme seg trygt heim. Det var rundt 150 elevar frå UWC og rundt 90 elevar frå Dale vgs som deltok. Og det vart ein vellykka kveld.