Velkommen som elev ved Dale vidaregåande skule!

Verdiane våre

Her finn du ei oversikt over viktig informasjon om neste skuleår.

Skulestart er måndag 15. august 2022. Du møter ved hovudinngangen på Dale vgs kl. 08.55. Skulebussane tek til å gå denne dagen, så du reiser med vanleg skuleskyss frå heimstaden din til Dale.

Skuledagen startar kl. 08.55. Måndag, tysdag, torsdag og fredag sluttar skulen kl. 15.10, onsdag går siste time til kl. 15.20. Skulebussen går frå skulen kl. 15.20 kvar dag. Dersom du har problem med å komme deg heim, ber vi om at du gir beskjed på kontoret så fort som råd.

Skulebøker får du låne på skulen. Vestland fylkeskommune har ei ordning med gratis lærebøker. Du får utdelt dei bøkene du skal ha, og leverer dei inn att på slutten av skuleåret.

Skal du begynne på Vg1 (første året), har du tilbod om å kjøpe berbar PC. Sjå heimesida til fylkeskommunen: Her kan du bestille PC.  

Du kan bruke eigen berbar PC viss du har. På fleire utdanningsprogram vert det brukt programvare som berre fungerer med Windows. For dei fleste er derfor PC eit betre alternativ enn Mac.

Foreldremøte Vg1: Onsdag 24. august klokka 17.30 - 19.30 for alle føresette som har førsteårselevar på skulen vår. Som elev treng du ikkje vere med på dette møtet. 

Skuleskyss: Du søkjer om skuleskyss via https://skuleskyss.vlfk.no. Også elevar som hadde skuleskyss førre skuleår, må søkje. Alle skuleskysskort for skuleåret blir nullstilt ved skuleslutt i juni, og ønskjer du skuleskyss for neste skuleår må du søkje på nytt. Då får du nytt oblat på same kortet – hugs derfor å ta vare på skysskortet.

Lånekassa: Alle elevar får eit utstyrsstipend. Du finn søknadsskjema for stipend og lån på www.vigo.no. Stipend/lån kan då vere klart til skulen tek til.

Hugs å svare på om du tek imot skuleplassen du har fått! Svar med SMS eller i Vigo.

Meir aktuell informasjon finn du på heimesida til Dale vgs:  www.dale.vgs.no

Dersom du har spørsmål, kan du kontakt skulen.

 

Vel møtt!

Dale vidaregåande skule, juni 2022  

Gro Fivelsdal

Rektor