Dale vidaregåande skule fekk 173000 kr av Sparebankstiftinga Fjaler for å drive med FRAMSNAKK.
I går var det FRAMSNAKK-føredrag i Dale ved handballprofilane Gro Hammerseng og Anja Edin.
Sparebanken stod som arrangør og nytta høve til å støtte skulane med 1000 kr per elev! Dale vgs fekk overlevert ein sjekk på 173 000 til å bruke på tiltak for å fremje FRAMSNAKK (det motsette av baksnakking). Ei fantastisk flott gåve frå Sparebankstiftinga Fjaler!
Vi må ha ei god idémyldring på kva tiltak vi skal satse på framover.