Dale vidaregåande skule
Dronebilde av Dale vgs

Dronebilde av Dale vgs

Ny linje ved Dale vgs

Frå neste skuleår tilbyr Dale vidaregåande skule utdanningsprogrammet Bygg- og anleggsteknikk.

Det betyr at for skuleåret 2021-22 kan tiandeklassingar søkje seg til Vg1 Bygg- og anleggsteknikk her på skulen.

Byggklassen kjem i byte mot ein av av dei to klassane som skulen hadde på Vg1 Teknologi- og industrifag, men om søkjargrunnlaget er godt nok, vil skulen jobbe for halde fast på to klassar på Vg1 Teknologi- og industrifag òg neste år. 

Den nye programområdet kjem etter eit samarbeid mellom skulen og representantar frå nærlingslivet, som ser at byggjebransjen i HAFS treng dette tilbodet.

Dale vgs har tidlegare hatt dette programområdet, og vi er glade for at det no igjen er ein del av fagtilbodet ved skulen.