Dale vidaregåande skule
Vilje til visdom og vennskap

Foto: Rune Dale

Mykje positivt i Elevundersøkinga

Vi takkar for god deltaking i årets elevundersøking. Skuleleiinga har vurdert resultata for vår skule, og gått gjennom dei med kontaktlærarane. Det vert no eit etterarbeid i klassane.

 

Samla sett er vi fornøgde med resultata for vår skule, men vi publiserer ikkje noko på heimesida før resultata vert offentleggjort i skoleporten.no. Først då får vi samanlikningsgrunnlag med fylkesnivå og nasjonalt nivå.

 

Utdanningsdirektoratet brukar vanlegvis å legge ut resultata på Skoleporten i februar eller mars, så det vert eit par månader å vente. I mellomtida vil vi gjere det som er viktigast, samanlikne med våre eigne resultat dei siste åra, og jobbe med det som bør eller kan forbetrast. Det arbeidet er det ingen grunn til å vente med, og det meste av det må gjerast i klassane.  Lukke til!

 

 

 

Kontakt

 Kvifor bør du svare på Elevundersøkinga?

  • Elevundersøkinga gir deg moglegheit til å seie kva du meiner om læring og trivsel på skolen. Svara blir brukte av skolen, kommunen og staten for å gjere skolen du går på, enda betre.

  • Svara frå Elevundersøkinga kan brukast av forskarar. Vi viser også nokre av svara på nettsida «Skoleporten».

  • Korleis blir Elevundersøkinga gjennomført?

  • Det er frivillig for deg å svare på Elevundersøkinga, men vi håper du vil delta slik at skolen kan bli betre.

  • Du kan hoppe over spørsmål du ikkje ønskjer å svare på.

  • Vi tek godt vare på svara dine

  • Når du svarer på spørsmåla i Elevundersøkinga, skriv du ikkje inn namnet ditt. Verken skolen, kommunen eller staten kan sjå kva du har svart. Utdanningsdirektoratet har ansvaret for at svara du gir på Elevundersøkinga, blir lagra og brukte på riktig måte.

  • Har du spørsmål?

  • Dersom du har spørsmål om Elevundersøkinga, kan du spørje læraren din eller gå inn på denne nettsida: www.udir.no/undersokelser.

  • Forslag til informasjonstekst til elevar, lærarar og foreldre/ føresette: