Dale vidaregåande skule
Refleks

Markering av refleksdagen 2020

Torsdag 15.oktober er dagen for den nasjonale refleksdagen. Dale vgs markerte dagen på tysdag.

Om morgonen møtte elevrådsleiar Nora og miljøkoordinator alle elevane ute på skuleplassen og delte ut refleksar. Refleks reddar liv, bruk refleks for eigen og andre sin tryggleik.

Trygg Trafikks 5 beste reflekstips:

1.         Fest refleks på alle jakker, sekker og vesker – då har du alltid med deg refleks.
2.         Bruk to eller fleire refleksar. Då er du synleg frå alle kantar.
3.         Refleks viser best når den rører på seg. Fest refleks på armane og føtene.
4.         Refleks som heng, bør henge i knehøgde for best mogleg effekt.
5.         Refleks er forbruksvare som blir slite over tid. Byt ut gamle refleksar!