Professor Frank Aarebrot på Dale vgs

Lærerikt og underhaldande

Det var eit foredrag i kjend stil, krydra med anekdotar. Professor Frank Aarebrot opplyste og underheldt elevar og tilsette på Dale vgs fredag ettermiddag. 

Det handla om USA i fortid, notid og framtid i lys av presidentvalet. Professor og valforskar Frank Aarebrot er mest kjend som valekspert og politisk kommentator. Aarebrot er på turne i regi av Folkeakademiet, og foredraget på skulen vår hadde  tittelen "USA -kvifor Amerika er blitt så rart".

- De har lydhøyre elevar. Dei verkar interesserte og heng bra med, kommenterte Aarebrot i ein kort innlagd pause ute i friluft bak skulen. Då hadde den meritterte professoren brukt tre kvarter på eit kort historisk tilbakeblikk på amerikansk historie. Han hadde lagt ut om korleis dei tretten kolonistatane kjempa seg fri frå britisk overherredøme, fortalt om The Declaration of Independence i 1776 og den første kontinentale kongressen der den amerikanske grunnlova vart utforma, gått vidare med prinsippet med "checks and balances" for å hindre diktatur og "Bill of Rights" som tillegg til grunnlova for å sikre rettane som er så djupt forankra i amerikansk tenkjemåte.

-"There shall be an armed militia" , altså eit heimevern, står det i grunnlova. Dette vert utlagt som at alle amerikanske borgarar har rett til å bere våpen, også om ein er ein blind mann, sa Aarebrot til latter frå salen. Då var det fleire enn lærarane som lo.

Så hoppa han til 1960-talet med raseskilje og kamp for borgarrettar. Slett ikkje noko å le av. Han fortalde om korleis kvite som skaut svarte måtte stillast for føderale domstolar for å få si rettkomne straff. Aarebrot var også innom religionsspørsmål som i USA eigentleg er "friheit FRÅ religion" i offentlege rom, og peika på at "God's own country" langt på veg har ei ateistisk grunnlov utforma av frimurarar. Ny latter. Mange såg det komiske og paradoksale i dette.

Etter kvart kom Aarebrot til det vi venta på -korleis det kunne gå til at Donald Trump vann presidentvalet, og korleis han såg for seg at Trump kom til å bli som president.

-De kan få "arrestere meg" om fire år viss eg tek feil, men min spådom er at Trump ikkje kjem til å bygge ein mur mot Mexico. Derimot er eg rimeleg sikker på at han kjem til å innføre straffetoll for amerikanske bedrifter som etablerer seg i Mexico, av omsyn til industriarbeidsplassane i USA.

-Skal vi vere redde for Trump?

-Eg er i grunnen ikkje så bekymra for PRESIDENT Trump, men det er eg for ØVERSTKOMMANDERANDE Trump,  som er "commander in chief" for dei amerikanske styrkane, sa Aarebrot og trekte ein parallell til Vietnamkrigen. Dette var ein årelang krig som starta med "ein avgrensa væpna aksjon" på direkte ordre frå den dåverande presidenten. Formelt erklærte USA aldri krig mot Nord-Vietnam. -Eg er litt bekymra for at ein mann som framstår som "hårsår" skal vere øverstkommanderande og kunne gje direkte ordre til dei amerikanske styrkane, sa den kjende kommentatoren og avslutta:

- Trump blir neppe ein "likegyldig president". Eg trur han blir eitt av to, anten ein suksess eller ein dundrande fiasko. Professor Frank Aarebrot fekk applaus frå eit fullsett auditorium med seg på den vidare foredragsturneen. Det var særs fortent.