Dale vidaregåande skule
Volontør Pilar og Juan Carlos på allmøtet.

Volontør Pilar og Juan Carlos på allmøtet.

Krydder på allmøte

Volontør Pilar og tidlegare volontør Juan Carlos underheldt med dans på siste allmøtet før påske. Det var eit minikurs i salsa, og oppvisinga imponerte. Sjå sjølv via lenkja nede i teksten.

Elles på møtet var det som vanleg ymse nytt om skulen og elevane. Rektor fortalde m.a. litt om den nye tyske volontøren, Lukas, som kjem til hausten. Ho tok fram Ronja Helle som fortalde om jentedagen på NTNU i Trondheim, der ho deltok tidlegare i år. Karine Strandos og Mari Dale Salbu vart framheva for engasjementet sitt når det gjeld ny idrettshall i Hyllestad og rekruttering til skulen vår. Klassetalet aukar kommande skuleår, m.a. med ein ekstra klasse på Vg1 helse-og oppvekstfag, og det er langt på veg eit  resultat av at føresette og ungdommar har engasjert seg i saka. Resultatet på Elevundersøkinga er gledeleg positivt også dette skuleåret -ein trend som har vart i fleire år. Det er mykje å som "går vegen", rett og slett. 

Møtet vart avslutta med fint gitarspel og song av Sajen i 1 HOA. Før det var det altså tid til ei lita danseoppvisning.  Salsa -"sterkt krydra saus"- er namnet på ein dans med opphav i Karibia, og som etter det vi forstår er ei blanding av element frå ulike delar av verda. Kan hende har denne miksen blitt populær og spreidd fordi vi lever i ei tid der kulturar møtest og påverkar kvarandre i større grad enn tidlegare. Uansett; dei fleste sunnfjordingar og sogningar kan vel ikkje skryte på seg dei store ferdigheitene på dette området, sjølv om unntak finst. Men kven veit: Pilar og Juan Carlos kan ha sådd nokre frø -litt inspirasjon- med oppvisinga på allmøtet? Sjå berre her: