Dale vidaregåande skule
Elevar i 1 TPA demonstrer KS-nøkkelen

Elevar i 1 TPA demonstrer KS-nøkkelen

Kreativt på entreprenørskapsdagen

Mange kreative idéar, og god innsats både frå elevar, mentorarar og lærarar. Det er hovudinntrykket etter entreprenørskapsdagen for Vg1-elevane sist onsdag.

Presentasjonen på auditoriet på slutten av dagen viste stor spennvidde i ideane til nye produkt. Biletet er frå framføringa til ei gruppe i 1 TPA, der Maciej, Vilde, Nikolai, Phanuwat og Nikolai M. demonstrerer bruk av KS-nøkkelen som dei tenkte å utvikle med skralle i begge endar. Ei gruppe i 1 HOA ville satse på ein Foodbot, det vil seie ein robot som kan lage maten fiks ferdig til du kjem heim. Det kunne sikkert mange ha tenkt seg å ha. Ei anna gruppe i same klassen hadde også tenkt inn i framtida, og ville satse på BBF 2040 -ein framtidsdraum av eit transportmiddel som skal kunne fungere som båt, bil eller fly etter som du treng det. Ja, det hadde verkeleg vore noko.

Sjølv om fleire av ideane ikkje er så lette å realisere på kort sikt, og treng tid, tanke og kapital til vidareutvikling, så viste elevane i alle fall at det ikkje mangla på kreativiteten. Det vart også lagt fram idear som kan vere relativt lette å realisere, meinte Eivind Husabø i Ungt Entreprenørskap i fylket. Døme på det er "Blodsøstrene.no" i 1 STA, kanskje "Kompistjenesten AS" i 1 TPA, og truleg nokre fleire. 

Husabø uttrykte avslutningsvis håp om at den store kreativiteten vil resultere i fleire ungdomsbedrifter på Dale vgs, og deltaking på fylkesmessa seinare dette skuleåret. Ja, det er viktig å ha både eit kortsiktig og eit langsiktig perspektiv i entreprenørskapsarbeid.