Dale vidaregåande skule
Elevane er samla for å ete julegraut i kantina

FOto: Iren Løseth

Koseleg juleavslutning

Volleyballar, graut og song skapte julesteming.

Tradisjonen tru vart det arrangert volleyballturnering ved Dale vgs. Det vart konkurrert etter beste emne, og for mange elevar var det like viktig å delta som å vinne. Til slutt var det lærarane som vann i guteklassen, og 2STA var suverene i jenteklassen. Dei hadde to lag i finalen. Turneringa vart krydra av at fleire av laga hadde kledd seg ut, til dømes som superheltar eller julepakkar. 

Til slutt var elevane samla i kantina for å ete julegraut, synge julesongar og ynskje kvarandre god jul. Det var ei fin avrunding etter ein travel haust.