Dale vidaregåande skule/Om oss/Prosjekt og satsingar/International Baccalaureate
Bilete av RCNUWC frå fjorden

Foto: Emily Clare, Wikimedia Commons.

International Baccalaureate (IB)

International Baccalaureate (IB) for Sogn og Fjordane har vore eit samarbeid mellom UWC RCN og Dale vidaregåande skule. Forsøksprosjektet gjekk over tre år, frå skuleåret 2015-16 til 2017-18. Prosjektet er vidareført som eit tilbod til elevar som går Vg1 studieførebuande på skular i Sogn og Fjordane. Det er per i dag 2 elevplassar som er reserverte for SFJ-elevar på IB-utdanninga i Flekke.

International Baccalaureate (IB) er eit toårig universitetsførebuande opplæringstilbod som byggjer på greidd Vg1 frå studiespesialiserande utdanningsprogram. Eksamen frå IB-linja kvalifiserer for opptak ved dei fleste høgare lærestader i verda. Undervisning, skriftleg arbeid, eksamen, lærebøker og anna studiemateriell er på engelsk. Det er eksamen i alle fag ved slutten av det toårige løpet. Denne er lik for alle elevane, og eksamenspapira må sendast med kurér (sendebod) til International Baccalaureate Organization (IBO) i Sveits for retting. IB-elevar har same rettar til gratis skulebøker, lån og stipend som andre elevar i vidaregåande skule.

Dei elevane som får plass, har ein viktig funksjon som ambassadørar for heimfylket, Sogn og Fjordane. Dei vert oppmoda om å hjelpe til med å integrere UWC-elevane i lokalt frivillig arbeid, som ein sentral dimensjon innanfor «Creative, Active, Service-programmet». Her vil samarbeidet med Dale vidaregåande skule vere viktig. 

Tips ein ven Skriv ut