Dale vidaregåande skule
Dale vgs inngang

Informasjonsbrev til nye elevar ved Dale vgs

Skulestart er måndag 17. august. Du møter ved hovudinngangen på Dale vgs i kl. 08.55. Skulerutene tek til å gå denne dagen, så du reiser med vanleg skuleskyss frå heimstaden din til Dale. Retur frå skulen kl. 15.20.

Skuledagen tek til kl. 08.55. Måndag, tysdag, torsdag og fredag sluttar vi kl. 15.10, onsdag er det slutt kl. 15.20. Skulebussen går frå skulen kl. 15.20 kvar dag. Dersom du har problem med å komme deg heim, ber vi om at du gir beskjed i resepsjonen så fort som råd.

Skulebøker får du låne av skulen. Vestland fylkeskommune har ei ordning med gratis lærebøker. Du får utdelt dei bøkene du skal ha, og leverer dei inn att på slutten av skuleåret.

Skal du begynne på Vg1 (første året), får du tilbod om å kjøpe berbar PC. Sjå heimesida til fylkeskommunen for meir informasjon:  https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/elevpc/ Du kan bruke eigen berbar PC viss du har. På fleire utdanningsprogram vert det brukt programvare som berre fungerer med Windows. For dei fleste er derfor PC eit betre alternativ enn Mac. For å vere heilt sikker på å få maskina til skulestart, må du bestille innan 31.07.2020. Bestillingar skjer frå ein eigen bestillingsportal hjå komplett.no: https://www.komplett.no/elev-pc/vestland

Viss du søkjer deg til studiespesialisering, er skulen interessert i å få oversikt over kva framandspråk du valde på ungdomsskulen, og kva for framandspråk du skal velje hjå oss. Vi ynskjer òg å vite kva for type matematikk du har tenkt å velje på Vg1. Du kan registrere vala dine her: https://tinyurl.com/yardkold

Viss du skal gå på teknikk og industriell produksjon, må du kjøpe verktøykasse, sko og kjeledress sjølv. På grunn av leveringstid kan det vere lurt å ikkje vente til rett for skulestart med å bestille. På dale.vgs.no finn du lista over utstyret som du må ha klart ved skulestart: https://tinyurl.com/ybme35mj

Foreldremøte for Vg1 vert onsdag 26. august klokka 18.00 – 20.00 på auditoriet for alle føresette som har førsteårselevar på skulen.

Skuleskyss: Bur du 6 km eller meir frå skulen, har du rett på skuleskyss. Du kan søkje om skyss via Vigo eller på https://tinyurl.com/yc5g5g28. Også elevar som hadde skuleskyss førre skuleår, må søkje. Alle skuleskysskort for skuleåret 19/20 blir nullstilte i juni, så ønskjer du skuleskyss for neste skuleår, må du søkje, MEN hugs å ta vare på sjølve kortet, då du får nytt oblat på same kort.

Lånekassa: Alle elevar som søkjer, får eit utstyrsstipend. Takkar du ja til søknaden i Vigo, finn du søknadsskjema for stipend og lån på www.vigo.no. Du bruker Vigo-kodane. Stipend/lån kan då vere klart til skulen tek til. Dersom du har spørsmål, kan du kontakte skulen.

 

Vel møtt!