Dale vidaregåande skule
Dale vgs vinter

Dale vgs vinter

Informasjon om Lånekassen

Mange elevar i vidaregåande opplæring går dessverre glipp av stipend frå Lånekassen fordi eitt eller fleire utbetalingsvilkår ikkje er oppfylte.   

Eksempel på utbetalingsvilkår:   

  • Eleven må signere avtale om støtte (er eleven under 18 år må foreldre eller verje signere).  
  • Eleven må ettersende dokumentasjon (viss behov).  
  • Eleven må registrere kontonummeret sitt på Dine sider.  

Her kan du lese meir om alt som må vere på plass før Lånekassen kan utbetale pengane  

I starten av neste veke vil Lånekassen sende ut ein SMS og e-post til rundt 9500 elevar i vidaregåande skole med informasjon om kva dei må gjere for å få utbetalt stipend frå Lånekassen.   

Vi håper du kan hjelpe elevane med spørsmål rundt utbetalingsvilkår viss det blir aktuelt.   

 

På førehand takk for hjelpa!   

 

Med vennleg helsing  

Lånekassen