Dale vidaregåande skule
Vilje til visdom og vennskap

Foto: Rune Dale

Informasjon om inntak til vgs hausten 2018

Plan for inntak til vidaregåande skular skuleåret 2018-2019.

Inntakstelefon har nummer 57 63 81 00 og er open frå 1200 til 1400.

Tidsplan for inntak 2018 (skuleåret 2018-2019)

 03. juli, melding blir sendt til alle søkjarane – første inntak.
 12. juli, svarfrist første inntak.
 27. juli, melding om andre inntak.
 03. august, svarfrist andre inntak. 

 13. august, skulane overtek inntaket.
 20. august, skulestart.

 

Du får svar på kva du har kome inn på 3. juli. Då er førsteinntaket klart.
Dei som ikkje får tilbod om plass i førsteinntaket eller ikkje kjem inn på førstevalet sitt i denne omgangen, får ein ny sjanse i andreinntaket 27. juli.

Viktig å svare på Vigo

Du ser resultatet av førsteinntaket på vigo.no 5. juli. Det blir sendt SMS-varsel om inntaket, men uansett om meldinga når fram til deg eller ikkje, så må du logge inn på Vigo og sjekke inntaket der.

Du må også svare ja på Vigo, elles mistar du skuleplassen. Om du ikkje kjem inn på det du helst ønskjer, må du også svare ja til å stå på venteliste til høgare ønske.

Ta kontakt med skulane

Frå 13. august tek skulane over inntaket. Du kan ta kontakt med skulane og be om å bli sett på venteliste til eit tilbod du ikkje har søkt, eller takke ja til ein ledig plass. Alle med ungdomsrett har rett på eit tilbod dei har søkt, men retten er ikkje knytt til ein bestemt skule. Målet er at alle skal ha ein skuleplass til skulestart, men arbeidet med å skaffe skuleplass held òg fram etter skulane har starta.

Skuleåret startar 20. august.

Elev-pc

Alle Vg1-elevar skal stille med berbar datamaskin frå skulestart. Sogn og Fjordane fylkeskommune har ordning for Vg1-elevar ved dei offentlege vidaregåande skulane om kjøp av elev-pc.

Du må bestille innan 27. juli for at du skal få maskina til skulestart.

Les alt om ordninga, sjå modellane, og registrer deg i nettbutikken på sfj.no/elevpc.

Lånekassen

Du kan søke støtte frå Lånekassen når du har fått skuleplass og har takka ja til han. Dersom du ikkje kom inn på førstevalet, må du vente med å søkje til 1. august, og helst til du er sikker på kva du skal gå på.

Les meir på Lånekassen sine nettsider om støtte til vidaregåande opplæring