
Dale vgs vinter
Infomøte for russ- og russeforeldre
Direktesendt TV-sending for all russ og russeforeldre i Vestland, torsdag 18. februar kl. 18.00. TIX kjem!
Dette er ei direkte TV-sending om korleis få ein trygg og inkluderande russetid:
Du kan logge deg på her.
Kari Birkeland er leiar for sendinga, og artisten TIX kjem innom med tre eksklusive videofilmar.
Program:
Fylkesordførar Jon Askeland:
– ei trygg inkluderande russetid for all russen i Vestland
Politiet: Øystein Samonsen, kriminalforebyggande avsnitt:
– Rus, politiet si rolle, brot på lovverk. Korleis vil vi gjere det trygt for russen
Bergen kommune: Anne Grethe Korsmo, helsesjukepleiar:
– Overgrep, smitte, ta vare på seg sjølv, sårbare elevar, vaksiner
Trygg Trafikk: Knut Olav Nestås, regionleiar:
– Korleis gjennomføre ei trygg og sikker russetid og russearrangement
Statens Vegvesen: Roberts Racko, avdelingsingeniør:
– Ein god og trafikksikker russetid.