www.dale.vgs.no

Elevar frå 2HAA

Foto: Runhild Øvreås

I godt selskap

Elevar frå helsefagarbeidar ved Dale vgs deltok i Fylkesmeisterskap for yrkesfag på Eid. 

14. februar gjekk årets Fylkesmeisterskap for yrkesfag av stapelen. Dette er ein konkurranse for elevar på yrkesfag i vidaregåande skule, og i år var det Eid vidaregåande skule som var vertsskap her i fylket. Konkurransen er open for publikum, og det er eit godt høve til å sjå yrkesfag utførte i praksis og få ei orientering om dei ulike faga.

Det vart konkurrert i ikkje mindre enn 24 yrkesfag denne dagen og Dale vidaregåande skule stilte lag i helsearbeidarfaget. I oppgåve fekk dei å lage eit rollespel der dei skulle vise fagkunnskap om sjukdommar i nervesystemet, gode kommunikasjonsferdigheiter og profesjonell yrkesutøving. Inga lett oppgåve! Men resultatet var kjempeflott, sjølv om det ikkje heldt til 1.plass i konkurransen. Alle på Dale vidaregåande skule gratulerer Synnøve Sandven Skarde, Abdulghani Faez Hatabi, Malene Valvik og Celina B. Westervik med strålande innsats i fylkesmeisterskapet!

Her finn du oversikta over vinnarane av Fylkesmeisterskapen for yrkesfag 2019.

Tips ein ven Skriv ut