Dale vidaregåande skule
Dale vgs vinter

Dale vgs vinter

Hurtigtesting på skulen første skuledag etter juleferien

God nyttår til alle! I dag, 03. januar 2022, har vi testa elevar og tilsette med antigen hurtigtest. Alle testane var negative!

Nokre elevar med symptom har ikkje møtt i dag. Dei vil få teste seg når dei kjem tilbake på skulen.

Sjølv om vidaregåande er på raudt nivå ut frå nasjonale retningslinjer, har vi på Dale vgs til no ikkje hatt meir enn fire smittetilfelle totalt i løpet av heile covid-perioden. Og per no er det altså ingen smittetilfelle på skulen.

På raudt nivå er det påbod om munnbind og minst 1 m avstand. Vi har omorganisert klasseromma, slik at vi greier å overhalde avstandsreglane for alle elevar og lærarar. Også i kroppsøving skal vi halde avstandskravet. Vi har regulert bruken av kantina, sitjegruppene er stengde og vi oppmodar alle om å ha god handhygiene.

Det betyr at vi greier å halde skulen open for alle klassane og treng ikkje å gå over til digital undervisning i denne perioden.

Det raude nivået gjeld to veker framover. Vi avventar nye retningslinjer etter det.

 

Rektor