Lånekassen
Søk innan 15. november dersom du vil ha stipend frå Lånekassen for haustsemesteret 2020.
Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring har rett til utstyrsstipend. Du får stipendet uavhengig av kor mykje foreldra dine tener, men du må søke for å få det. Har du allereie fått stipend, treng du ikkje å søke på nytt.
Her får du oversikt over kor mykje stipend du kan få. Du kan også finne lenke til søknaden på denne sida