Dale vidaregåande skule
Bilde av hospiteringselevar

Vi ynskjer velkomne til hospiteringsveka på Dale vgs! Sjå meir info her.

Hospitering 2019

INFORMASJON OM HOSPITERINGA VED DALE V. G. SKULE-VEKE 44.

Måndag 28.10 – fredag 01.11.

Til saman møter ca 115 elevar frå Hafs og Gaular til hospiteringa komande veke. Desse er fordelte slik:

Måndag, tysdag og onsdag: Askvoll skule, Våge skule, Hyllestad ungdomsskule og nokre elevar frå elevar frå Sande og Førde.

Onsdag, torsdag og fredag: Fjaler ungdomsskule, Bulandet skule, Brekke skule, Eivindvik skule, Dalsøyra skule og Solund ungdomsskule .

MÅNDAG OG TYSDAG: 1. val

Askvoll skule, Hyllestad ungdomsskule, Våge skule og  elevar frå Sande/Førde skule møter klokka 08.55 i auditoriet ved Dale v. g. skule. Måndag og tysdag skal elevane fylgje utdanningsprogrammet dei har som 1. val.

ONSDAG: 2. val

Fellesdag for alle 115 hospitantane.

Start i auditoriet kl 10.00 med velkomst og fordeling til 2. valet. Elevane frå Gulen, Solund og Bulandet er her ca kl 10.00, litt logistikk med bagasje før dei er klar for hospitering. Dette betyr at vi utfordrar Hyllestad skule, Askvoll skule, Våge skule og Fjaler ungdomsskule skule til å ha sine eigne elevar i utdanningsval knytt til hospiteringa frå kl 08.55-10.00, vi skaffar klasserom. Fjaler ungdomsskule kan som før møte direkte her kl 10.00.

ONSDAG ETTERMIDDAG/KVELD VERT DET FELLESAKTIVITETAR  FOR ALLE HOSPITANTANE PÅ DALE VIDAREGÅANDE SKULE. Det vert sosiale aktivitetar og matservering før me rundar av ca 21.30

TORSDAG OG FREDAG: 1. val

Fjaler ungdomsskule, Bulandet skule, Brekke skule, Eivindvik skule, Dalsøyra skule og Solund ungdomsskule møter kl 08.55 i auditoriet for informasjon og fordeling til 1. valet for dei 2 komande dagane.

NB ! Hospiteringselevane skal ha kroppsøving og må ha med utstyr til aktivitet i Fjalerhallen.

 

Ymse:

  • Elevane må ta med seg niste til hospiteringsdagane, måltidet som vert spandert av skulen er middag på onsdag. NB! Dei kan sjølvsagt kjøpe mat i kantina vår.
  • Torsdag ettermiddag har me booka Fjalerhallen. Her vert det mogleg å få trene saman med andre hospitantar og elevar på skulen. Me prøver også å få Fjaler kino til å sette opp ein ungdomsfilm torsdag kveld.
  • Torsdag er det mogleg å få prøve den nye skytehallen i Dale.
  • Fint om ungdomsskulane stiller med lærarar under hospiteringa, og spesielt vil vi utfordre Hyllestad skule, Askvoll skule og Våge skule å stille onsdag ettermiddag/kveld i samband med aktivitetane og ikkje minst i forhold til heimreise om kvelden klokka 21.30.
  • Ber elevane om å ta med 50 kroner i eigenandel som skal dekke Taco onsdag kveld.
  • Som tidlegare oppfordrar vi desse skulane til å nytte seg tilbodet om «heim for ein 50-lapp». Dette ordnar skulane med sjølve.
  • Minner om at skulane må kontakte Firda Billag om skyss til og frå Dale desse dagane i forhold til utvida kapasitet på eksisterande skuleskyss.

I tillegg til denne informasjonen vert det i løpet av dagen sendt ut epostar til dei ulike skulane som gjeld spesielt for desse.

Ta gjerne kontakt så snart som råd om noko er uklart, gjerne på epost eller tlf.

Om det skulle være spørsmål: Stian Neset stian.neset@sfj.no eller på telefon 41 21 61 47

Beste helsing

Stian Neset,

rådgjevar Dale vgs

 

Sjå detaljerte planar her:

Helse og oppvekst måndag og tysdag.docx PDF document ODT document

Helse og oppvekst onsdag.docx PDF document ODT document

Helse og oppvekst torsdag og fredag.docx PDF document ODT document

Studiespesialisering måndag og tysdag.docx PDF document ODT document

Studiespesialisering onsdag.docx PDF document ODT document

Studiespesialisering torsdag og fredag.docx PDF document ODT document

Teknikk og industriell produksjon.pptx

 

 

Tips ein ven Skriv ut