Dale vidaregåande skule
Dale vgs inngang

Hjarteleg velkomne til hospitering

I neste veke møter til saman 120 elevar til hospitering på Dale vidaregåande skule. 

Hospiteringa skjer i år frå måndag 30. oktober til fredag 3. november. Desse dagane møter til saman 120 elevar frå Hafs og Gaular.

Elevane er fordelte slik:

  • Måndag, tysdag og onsdag: Askvoll skule, Fjaler ungdomsskule og Våge skule og 4 elevar frå Sande skule.
  • Onsdag, torsdag og fredag: Hyllestad skule, Bulandet skule, Brekke skule, Eivindvik skule, Dalsøyra skule, Solund ungdomsskule og Sande skule

På onsdag er det fellesdag for alle hospitantane, og etter vanleg skuletid samarbeider skulen med Fjaler ungdomsskule om fellesaktivitetar:

14.30-15.30:      Allmøte for hospitantane i auditoriet, informasjon, kultur.

15.30-16.15:      Gratis middag til alle hospitantane i kantina ved Dale v. g. skule.

16.15:   -             Hospitantane som skal bu på «hybel» vert henta av vertsfamiliane.

 

Pause for alle dei andre elevane før neste programpost kl 17.30

           

17.30-19.15:      Fjaler kino viser « SNØMANNEN » i Trudvang. Gratis.

19.30-20.30:     Hafs-mesterskap i Kahoot ! ved Fjaler ungdomsskule.

20.30- 23.00:     Diskotek ved Fjaler ungdomsskule.

 

Dale vgs ynskjer alle hospitantar velkomne!