Dale vidaregåande skule/Om oss/Om skulen/Historie
Bilete av Vevang

Gamle Vevang: Dei første åra heldt Dale vidaregåande skule til i lokala der det tidlegare hadde vore realskule. (Foto: Olav Øygard/Firda)

Historie

Historia til Dale vidaregåande skule går tilbake til 1979. Det starta med ein filialklasse i allmenne fag under dåverande Førde Gymnas.

1. august 1980 vart Dale vidaregåande skule oppretta som eigen skule. Dei tre første åra hadde ein berre allmennfagklassar på skulen, men hausten 1982 vart han utvida med klassar på handverk og industri. I 1984 blei handel og kontor sett i gang, og året etter fiske og fangst i Askvoll. I 1994 vart helse- og sosialfag oppretta. Frå 2001 vart sal- og service oppretta som førebels siste tilskotet til tilbodet ved skulen, men dette tilbodet vart teke bort i 2010. 

I dag tilbyr Dale vgs utdanning innan programområda helse- og oppvekstfag, teknikk- og industriell produksjon, studiespesialisering og påbygging til generell studiekompetanse.  Vi har i tillegg nasjonalt forsøk med Vg2 Maritim produksjonsteknikk og fylkesdekkande IB-linje i samarbeid med United World College på Hauglandsenteret. Skuleåret 2015-16 har har Dale vgs 9 klassar og 169 elevar.

Tips ein ven Skriv ut