Dale vidaregåande skule
Kunstverket "Elektronisk ryttar" vert hengt opp att.

Kunstverket

Hest og ryttar i spranget att

Det særmerkte kunstverket "Elektronisk ryttar" av Geir Hjetland er på plass att, i svevet under glastaket innanfor hovudinngangen på Dale vgs. 25 år etter at det vart hengt opp, meinte skulen og kunstnaren at det var på tide å strigle hesten og friske opp fargane på ryttaren. Hjetland gjorde det i sommar, og i dag var det tid for å henge opp att det symboltunge verket. 


  1 / 3 
 
Kunstverket \"Elektronisk ryttar\" vert heisa på plass med kjettingtalje. 
Kunstverket \
 


Hesten er laga av aluminium og pleksiglas, ryttaren av glasfiber. Trygt må det henge, i solide vaierar. Vaktmeister Leiv Nistad hadde leigd inn Ole Kristian Årstad frå Kis Vest i Førde til å gjere jobben, og det gjekk fint. Kanskje undrar du deg over kvifor skulen har ein hest med ryttar hengande akkurat her? Då kan du gruble litt for deg sjølv, eller lese vidare:

Verdiane Dale vgs byggjer på, kjem tydeleg fram i VISJONEN vår: Vilje til visdom og vennskap! Høgt oppe i foajéen innanfor hovudinngangen heng kunstinstallasjonen av Geir Hjetland som heiter «Elektronisk ryttar». Den symboliserer eit ungt menneske på full fart ut i den store verda. Det er slik vi ser på elevane våre: Skulen her skal vere eit godt springbrett for livet deira vidare, fagleg og karrieremessig. Også på det mellommenneskelege planet ønskjer skulen å inspirere elevane til å vere opne og utforskande på det livet har å by på.

Geir Hjetland som har laga kunstverket er fødd i 1955, oppvaksen i Høyanger og bur no i nabokommunen Balestrand.