Dale vidaregåande skule
Dronebilde av Dale vgs

Dale vgs er stengt pga. korona

Helsing frå rektor!

Rektor Gro Fivelsdal

Til liks med alle dei andre vidaregåande skulane i Noreg er Dale vgs stengt på ubestemt tid. Frå og med fredag 13. mars 2020 har elevane halde seg heime og har fått fjernundervisning via nettet. For lærarane er det også store endringar, dei har heimekontor og underviser ved hjelp av Teams og OneNote. Årsaka er faren for koronasmitte og skulestenginga inngår som eit av tiltaka som nasjonale myndigheiter har sett i verk for å hindre smittespreiing og på den måten slå tilbake koronaepidemien. I første omgang er skulane stengt til fram til 14. april, som er første skuledag etter påske.

Det er stille på skulen, men vi har god kontakt med elevane som melder tilbake at det går fint! Eg er imponert over lærarar som no hiv seg rundt og lager undervisningsopplegg på nye måtar. Dei tar i bruk endå meir digital teknologi enn tidlegare, fordi dei dei ønskjer å skape interessant undervisning og ikkje minst variasjon i timane. Vi følgjer i prinsippet timeplanen, dvs. at elevane møter til kvar time, ikkje lenger fysisk, men på nettet. Prøveplanen gjeld også vidare. For elevane våre som har lengst reiseveg til skulen, kan det kanskje vere godt å sleppe å reise tidleg av garde kvar morgon, men eg vil tru at mange saknar den sosiale fellesskapen på skulen.

Som alle no veit, er skriftleg eksamen på vgs våren 2020 avlyst. Det betyr at alle faglærarar skal halde fram med undervisninga og setje standpunktkarakterar til sommaren. Det er dette karaktergrunnlaget elevane skal kunne søkje seg vidare på. Korleis det vert med munnleg og praktisk-munnleg eksamen, veit vi enno ikkje.

Eg ønskjer både elevar og tilsette lykke til med den nye skulekvardagen!

Med helsing

Gro Fivelsdal

Rektor