Dale vidaregåande skule
Glade elevar som kosar seg på Open skule

Foto: Iren Løseth

Gratis julekvelds på Open skule

Torsdag 7. desember vart det servert julekvelds på Dale vidaregåande skule. Det vart ein veldig fin kveld.

Seks jenter frå GMU-klassen laga mat på skulekjøkkenet, frå sitt heimland, Syria. Dei laga mange spennande rettar som alle elevane fekk servert, medan Iren, Trude og Lukas laga tradisjonell, norsk kvelds.

Det vart dekt fint til i kantina og laga til kaldtbord, der elevane kunne gå å forsyne seg med den maten dei ønskte. Hawraa, frå GMU-klassen, fortalde litt om kva elevane skulle få servert.

Etter at matøkta såg elevane anten VM-handballkamp eller julefilm.

Til saman var det 55 elevar som møtte denne kvelden.