Fysikkeksperiment. Ser du ballen som er på veg mot blinken på tavla? Det måtte mange forsøk til før det vart treff.

Fysikkeksperiment. Dale vgs

Glimt frå hospiteringa

Onsdag i hospiteringsveka var dagen "heile framtida i HAFS" møttest på Dale vgs. Her finn du nokre bilete frå dagen. Hovudinntrykket var at det føregjekk mykje spennande og god læring. Hospitantar, elevar, lærarar og innleigde fagfolk viste glød og engasjement.


  1 / 6 
 
Fysikkeksperiment. Dale vgs 
Fysikkeksperiment. Dale vgs
 


Fysikk i praksis: Ser du den grøne ballen som er på veg mot blinken på tavla? Det er ikkje lett å berekne ballbana, og det måtte mange forsøk til før denne gjengen skaut blink, men til slutt trefte dei. Dette er berre eitt døme på kva hospiteringselevane fekk prøve på fysikkrommet. På naturfagsalen var det kjemieksperiment, og tvers over gangen øvingar på språklaben. På naborommet stod breiddeidrett i fokus, og her vart elevane m.a. utfordra til å teste kor lenge dei greidde "planken".

Helse- og oppvekstfag hadde tre stasjonar der elevane målte blodtrykk og blodsukker, øvde på forflytningsteknikk og hjarte- og lungeredning. I maskinverkstaden og sveiseverkstaden var det sjølvsagt nødvendig med praktisk innføring i helse-, miljø- og tryggleik før hospitantane fekk prøve seg på dreiing og sveising. 

Onsdag ettermiddag var det tid for fellesøkt i auditoriet, middag i kantina, kino i Trudvang, HAFS-meisterskap i Kahoot på ungdomsskulen, og til slutt diskotek same stad. Mykje tyder på at det ikkje er så verst å vere ung hospitant i Dale. Og det trass i at det tradisjonelle gråveret på denne årstida er tilbake etter nokre strålande oktoberveker. Har ein det kjekt og travelt, er det ikkje så mykje tid til å bry seg om veret.