Dale vidaregåande skule
Kjerstin held foredrag på Dale vgs om kosthald

Foto: Iren Løseth

Gav gode tips

Landslagsspelar i handball, Kjerstin Boge Solaas, gav gode råd til elevane.

Vi er så heldige å ha ein toppidrettsutøvar på juleferie heime i Dale som kan dele god råd med elevane våre når det gjeld folkehelse/livsstil.

Kjerstin heldt onsdag morgon eit kort foredrag til elevane på Dale vgs. Ho la vekt på kor viktig det er med gode rutinar. Kjerstin sa at nøkkelen ligg til suksess er å ha struktur på kvardagane, ete sunn mat og få nok søvn.

Sjølv gjekk Kjerstin på ein smell då ho flytta til Bergen og begynte å spele handball for Tertnes. Ho fekk ikkje i seg nok mat, og til slutt måtte mora, Trude, hjelp ho med å lage mat som høver for ein toppidrettsutøvar som trenar særs mykje. Kjerstin meiner at skuleelevar som kjenner seg trøytte mot slutten av skuledagen, bør gjere noko med kosthaldet; dei må rett og slett få i seg nok næring mot slutten av dagen.  

Skulen takkar Kjerstin for at ho stillte opp.