Dale vidaregåande skule
Elevar ved Dale vgs på omvising

Foto: Mari Kyrkjebø

Fysikk i praksis

Elevar frå Dale vgs studerer Bakkeelva kraftverk.

Fysikk1-klassen ved Dale vgs held for tida på med eit Lektor2-prosjekt i samarbeid med bedrifta Brødrene Dahl i Dale. Elevane har fått eit oppdrag frå BD om å gjere nokre utrekningar og vurderingar knytt til Bakkeelva kraftverk som no er under utbygging.

Måndag 27.mai var dei på besøk i Brødrene Dahl sine lokale i Dale, og prosjektleiar Bjarte Grytli Seim ved BD presenterte bedrifta for elevane, og gav dei ei god innføring i planarbeidet for Bakkeelva kraftverk. Dei var deretter på synfaring i Holmedal på kraftverket.

Interessant og lærerikt for elevane å sjå korleis det dei lærer i fysikktimane blir brukt i arbeidslivet! Dei skal no jobbe vidare med oppdraget dei har fått, og presentere resultata sine for BD fredag 7.juni.

 

Generelt om Lektor2-ordninga:

Lektor2-ordninga er ei nasjonal realfagsatsing som finansierast av Kunnskapsdepartementet og vert leia av Naturfagsenteret ved Universitetet i Oslo.

Gjennom tettare samarbeid mellom skule og arbeidsliv skal Lektor2-ordninga bidra til å:

- stimulere elevane si interesse og motivasjon for realfag

- auke elevane sitt læringsutbyte

- auke rekrutteringa til realfaga

- auke lærarane sin kunnskap om og kompetanse i samarbeid med arbeidslivet

 

Tips ein ven Skriv ut