Dale vidaregåande skule
Elevar som står på ski.

Foto: Iren Løseth

Full fart i skibakken

Torsdag 11. januar reiste «Open skule» til Jølster skisenter med 41 elevar og fylte dermed opp ein heil buss.

Før avreise vart det servert Trudes varme vintergryte, som inneheldt næringsrike ingrediensar, som blant anna svarte bønner og tomatar.

Det vart ein kjekk kveld i bakken i Bjørkelia, der elevane storkosa seg og tok godt vare på kvarandre. Praten gjekk livleg i bussen både til og frå skibakken, så dette var eit veldig godt sosialt tiltak for elevane.

Volontør Lukas fekk forresten prøve seg for første gang på slalåmski, og han lærte fort.

Miljøkoordinator Iren takkar elevane for ein strålande tur og håpar å få til ein til før skisesongen er over.