På tur med bebuarar.

På tur med bebuarar.

Fotokonkurranse om inkludering

Er du interessert i fotografering, og vil vise fram bileta dine, har du sjansen no. Rektor på UWC lyser ut ein fotokonkurranse i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune. Temaet er inkludering, og fristen er 31. august. UWC vil stille ut dei beste bileta, og HM dronning Sonja er invitert til å opne utstillinga i september. Detaljane finn du nedanfor. (Illustrasjonsfoto)

Her er brevet som rektor på UWC i Flekke har sendt ut:

Foto-konkurranse: Inkludering

Torsdag 21 september, den internasjonale fredsdagen, kjem Hennes Majestet Dronning Sonja på campus. Saman med samarbeidspartnarar i skulesektoren i Sogn og Fjordane har vi laga eit program på temaet inkludering.

Ein del av programmet er ei fotoutstilling i Naustet, som vil vere open for elevar og tilsette, med familie, på UWC RKN, inviterte skular frå Sogn og Fjordane,, Leirskuleelevar i veke 38, tilsette på RKHR, pasientar i veke 38, samt medlem av Sogn og Fjordane Røde Kors.

Komiteen vil velje ut innsendte bidrag ut ifrå følgjande tema:

  1. kreativitet og originalitet;
  2. komposisjon;
  3. kunstnarleg kvalitet;
  4. Innhald for temaet inkludering.

12 - 15 fotografi vert teke ut til utstillinga i Naustet. Utstillinga vert formelt opna av Dronning Sonja under besøket. Etter dette vil utstillinga vere på UWC RKN for dei neste to åra.

Spesifikasjon:

Tema : Inkludering

Eitt digitalt fotografi per deltakar;

send epost til Simon Ramsay: nc15sram@staff.rcnuwc.no fram til 31 August

merka Exhibition on Inclusion.

Oppgje:

  1. Fullt namn og adresse
  2. Tittel på fotografiet
  3. Stad for fotografiet
  4. Maks 100 ord på engelsk om korleis biletet er ein visuell presentasjon av temaet inkludering. For dei som kjem med i utstillinga, vil dette vere med.

Richard Lamont, Rektor UWC Red Cross Nordic,

på vegne av arrangementkomiteen