Utsida av Dale vgs.

Foto: Dale vgs.

Forlenga fråværsreglar

Regjeringen har vedteke å forlenge unntaka frå regelverket om fravær ut skuleåret 2020-2021. 

Det betyr at elever som har fravær av helsegrunnar slepp å gå til fastlegen for å få dokumentert fråværet.

Her er dei mellombelse reglane:

  • For fravær av helsegrunnar frå og med 24. august 2020 til og ut skuleåret 2020-2021 eld ikkje kravet til å dokumentere fraværet etter reglane om fraværsgrensa i videregående skole. Elevene må likevel leggje fram foreldrestadfesting eller eigenmelding (elevar over 18 år)
  • Fravær av helsegrunnar frå og med 24. august til og ut sjuleåret 2020-21 skal ikkje førast på elevane sitt vitnemål eller kompetansebevis. Dette gjeld både for grunnskolen og videregåande skule.
  • Elevar som hausten 2020 går på Vg4 påbygging til generell studiekompetanse, og som innan 1. november gjennomfører fag- eller svenneprøve som våren 2020 blei utsett på grunn av covid-19-utbruddet, kan få fraværet ansett som dokumentert etter reglane om fraværsgrensa. Fraværet skal heller ikkje førast på vitnemål eller kompetansebevis
Dersom eleven legg fram stadfesting frå ein forelder eller eigenmelding, skal fravær av helsegrunnar i ovannemnte periode ikkje førast som fravær på elevane sitt vitnemål og kompetansebevis i grunnskolen og videregåande skule, og det skal unntakast fråværsgrensa.