Dale vidaregåande skule
Dale vgs vinter

Dale vgs vinter

Foreldremøte 2020

For Vg1 og Vg2: 11. november.

De er hermed inviterte til foreldremøte for VG1 og VG2 11. november på Dale vidaregåande skule. Dette er ein samtale der kontaktlærar møter foreldre/føresette i lag med eleven.

 

Kontaktlærarar i 1STA, 2STA, 1HOA, 1HOB, 2HAA, 1TPA, 1TPB og 2ITA er tilgjengelege i tidsrommet 15.00 - 21.00.

 

Vi ber om at de melder dykk på her:

Påmeldingsskjema

 

For å unngå for mykje venting, ber vi om at de set opp ønskt tidspunkt for samtale. Etter at påmeldingsfristen er ute, set skulen opp tidspunkt for kvar enkelt og eleven får ranselpost med heim om det. Skulen tek omsyn til ønskt samtaletidspunkt så langt mogleg.

 

Dersom de ønskjer samtale, men ikkje har høve til å møte på den fastsette dagen, ber vi om at de ringjer kontaktlærar og avtalar anna møtetid/telefonsamtale. Det er også mogleg å avtale samtale med ein faglærar om det er ønskjeleg.

 

Skulen gjer merksam på at føresette til myndige elevar må ha med skriftleg løyve frå eleven, dersom ein ønskjer samtale med lærar utan at elev er med.

 

Påmeldingsfrist: innan 6. november.

 

For føresette med elevar i 1STA er det FELLESMØTE kl. 18.00-18.30: Kva programfag (fordjupingsfag) kan ein velje 2. og 3. året på studiespesialisering? Kva gir studiekompetanse? Kva utdanningsvegar er aktuelle vidare?

 

Velkommen!

 

 

Med helsing

Gro Fivelsdal
Rektor