Dale vidaregåande skule
Elevar i 2HAA øver seg til praksis

Foto: Runhild Øvreås

Førebuing til praksis

Helsefagarbeidarklassen skal snart ut i praksis og er i full gang med førebuingane.

 

Denne dagen var det hårstell og hårvask i seng som stod på programmet. Både unge og eldre set pris på å føle seg velstelte, men ikkje alt er like enkelt å få til: Hårrullar, hårnåler og hårnett – korleis brukar ein det eigentleg? Mange var nokre erfaringar rikare når skuledagen var over, det er slett ikkje alltid like lett å få hårrullar ut av håret igjen.

Ein kjekk dag med praktisk arbeid i fokus der alle gjekk heim frå skulen med nyvaska hår.