Dale vidaregåande skule
Utsida av Dale vgs.

Foto: Dale vgs.

Flott oppslag i Firda

Dale vgs kjem særs godt ut i årets elevundersøking. Det har Firda fått med seg.

Resultata frå Elevundersøkinga er offentleggjorde, og avisa Firda har har laga ei sak der dei peikar på at det er Dale vgs som kjem best ut. "Skulen ligg over snittet både i fylket og nasjonalt", skriv Firda.

I reportasjen kommenterer Gro resultatet slik: 

– Det er veldig gledelege resultat, seier rektor Gro Fivelsdal.

Fivelsdal meiner at det gode samarbeidet mellom elev og lærar kan vere ein grunnane til dei gode resultata.

– Vi har veldig engasjerte elevar som har lyst å vere med på å bestemme. Og så har vi lærarar som tar seg tid til å lytte til elevane.

Du kan lese heile saka på nett (krev innlogging) eller i dagens papirutgåve.

Her kan du sjå resultata frå Elevundersøkinga 2018.

Tips ein ven Skriv ut