Dale vidaregåande skule
1 TPA på veg til Nipebu

Fin tur til Nipebu

1 TPA hadde ein fin tur til Nipebu sist veke. Vi var til og med så heldige at det var fint ver på turen oppover, fortel kontaktlærar John Otto.

- Vi reiste frå Dale vgs tysdag 23. august kl. 09.00 og var i Rivedal  kl. 09.15. Tok matpause ved Atlevatnet kl. 12.00 og var framme ved Nipebu kl. 14.00. Det var sol og god temperatur. Om kvelden var det godt samspel mellom elevane. Dei kosa seg med grilling, kortspel, bading, fisking og båtturar på vatnet.

- Retur onsdag 24. august kl. 09.15, og var framme ved Otterstein kl. 12.30. Det var overskya ver denne dagen, men god temperatur. Då vi nærma oss Fossedalen kom regnet for fullt. Siste etappe mot Otterstein blei noko rufsete, men ved å ta tida til hjelp går det meste. Alle kom vel fram, seier John Otto.

- Det er bra med skuletur i starten av skuleåret; legg eit godt grunnlag for arbeidet vidare gjennom året. Ein blir betre kjent med elevane og korleis dei fungerer i lag. Det har ein positiv innverknad på klassemiljøet. Det er viktig at alle blir inkludert, fordi det kan hjelpe oss litt i arbeidet med å førebygge mobbing. Det legg og eit godt grunnlag for startsamtalen med den enkelte elev. Berre positive erfaringar å ta med seg vidare, for min del, avsluttar han.