Dale vidaregåande skule
Elevar kosar seg på Perkvieneset.

Foto: Tor Egil Furevikstrand

Fin kveld med klassen!

3STA hadde ein strålande friluftstur til Bakkevatnet.

3STA hadde ein herleg overnattingstur til Perkvieneset ved Bakkevatnet. Ein del elevar tok turen til topps på Bakkefjellet saman med Idar og Mari, medan resten av gjengen laga til camp ved vatnet. Elevane fekk vere med på setje og dra garn - med god fangst. Vi fyrte bål og steikte fersk fisk. I tillegg var det mykje bading, mange roturar og avslappande timar med gode venar.

Forfattar Siri Helle kom på besøk og snakka om boka Men berre nevane. Ho fortalde om verdien av praktisk arbeid. 

Det var ein fin kveld ved saman med veldig kjekke elevar.