Dale vidaregåande skule
Rektor ynskjer elevane velkomne.

Iren Løseth

Endeleg skulestart!

Eit nytt skuleår har starta opp for elevar og lærarar ved Dale vidaregåande skule.

I år har Dale vidaregåande skule om lag 200 elevar. Det er fleire år sidan elevtalet har vore så høgt ved skulen, og det er sjølvsagt gledeleg.

Grunnen til at elevtalet går opp, er at skulen har fått fleire klassar på helse- og oppvekstfag. I år har skulen to Vg1-klassar, samt eit tilbod for vaksne minoritetsspråklege elevar i helsearbeiarfag, som skal gå over fire år. I tillegg samarbeider skulen med Fjaler kommune om å gje grunnskuleopplæring for minoritetsspråklege ungdommar. 

Elles har skulen stort sett fulle klassar på teknikk og industriellproduskjon og studiespesialisering. Det er òg gledeleg at klassen for påbygging til generell studiekompetanse er full.

Vi ynskjer alle elevar og lærarar lukke til med skuleåret.