Volleyball

Foto: Iren Løseth

Endeleg fellesaktivitetar igjen!

Dale vidaregåande skule arrangerte tysdag 15. juni ein etterlengt aktivitetsdag for elevane. Det var tydeleg at alle hadde sakna fellesskapen på tvers av klassar.

Elevane kunne velje mellom mange ulike akitivtetar, men det var særleg volleyball, badminton, turgåing og quiz som appellerte. Særleg kosa mange seg med den tradisjonelle volleyball-turnering, som denne gongen vart ei juni-turnering, og ikkje ei juleturnering. Men både publikum og spelarar hadde stor glede av å konkurrere igjen. I matpausen fekk både elevar og lærarar servert deilig lunsjmat.

Takk til kroppsøvingsseksjonen for god organisering!