Dale vidaregåande skule
Mentor

Elevmentorar i arbeid

Dale vgs har starta med eit nytt prosjekt denne hausten, elevmentorgruppe.

Elevar på Vg2 og Vg3 har fått ei rolle som elevmentorar på skulen, som er eit ledd i «Det gode skulemiljøet vårt». Ved skulestart arrangerte vi «Bli-kjend-aktivitetsdag» i regi av elevmentorane. Der hadde vi ein halv skuledag med aktivitetar for alle vg1- og 3PÅA-elevane.

Det neste prosjektet dei skal gjennomføre, er mentorlunsj. Då samarbeider elevmentorane med kontaktlærarane og går inn i klassane med ulike aktivitetar. Målet er å skape endå betre miljø i klassar og mellom klassar.