Dale vidaregåande skule
Lærar målar blodtrykk på ein elev.

Illustrasjonsfoto: Dale vgs

Dale vgs får ekstra klasse

Dale vgs får 2 klassar på Vg1 Helse- og oppvekstfag kommande skuleår. Klassetalet vert altså auka frå 1 til 2. Det er resultatet etter siste møtet i hovudutvalet for opplæring. Gledeleg for mange i HAFS, og spesielt for foreldra og ungdommane som har kjempa for saka.

Hovudutvalet gjorde fleire endringar i opplæringstilbodet for 2017-18 i forhold til innstillinga frå administrasjonen. Du finn alt via denne lenkja: http://www.sfj.no/ato/esa62/document/protokoll.17043524d17043524.315ee4c150.pdf

Bakgrunnen for å auke frå 1 til 2 klassar er stor oversøking. Det er det også til Vg1 Teknikk- og Industriell produksjon, men der er klassetalet ikkje auka.

Fjaler-ordføraren er ein av mange som gler seg vedtaket i hovudutvalet. Les intervju i Firda: https://www.firda.no/fjaler/nyheiter/skule/yes-vi-fekk-gjennomslag/s/5-15-379641