Elevar på friluftstur

Leirplass ved Fjellatjønna

Elevar på «villspor»

Som del av friluftsliv vart 2HAIT og 1 TIF -A/B droppa på ulike punkt med kart og kompass. Oppgåva var å orientere mot ukjent mål for overnatting.

Med strålande pågangsmot og laginnsats fann alle gruppene fram til målet og laga til teltleir for overnatting. I leiren dukka kontaktlærarar opp med grillmat – ei flott avslutting på eit langt skuleår.